Dagen utanfor er ei poetisk forteljing om ein gut som har mista farfaren sin, om ei daud humle som gir trøyst, og om uvanleg grå dagar i livet. Boka handlar om å takle sorg, finne trøyst og vera der for kvarandre. Ho handlar òg om å forstå noko så ukonkret som døden, for eit barn. På poetisk vis tek Ørdal opp dette vanskelege temaet, utan å bli sentimental.
Boka passar for barn i alderen 4–8.
Sagt om boka:
«Så sår. Så nydeleg. […] Vaksne bør skaffa seg boka, her er både trøyst og lærdom. »
Mette Bleken, Hardanger folkeblad
«Dagen utanfor tek opp vanskelege tema på eit poetisk vis utan å verte for sentimental.»
Ida Kornberg, nynorskbok.no
«Det er vakkert, talende og empatisk. En bok vi voksne også kan bli kloke på og finne trøst i. […] Denne rike fortellingen uttrykker en stor forståelse for barns ståsted, for barns evne til å takle savn og uttrykke omsorg. Den er ikke sentimental, men rørende i sin enkelhet og konkretisering. […] Kontrasten mellom fargene i hverdagen utenfor huset og det grå interiøret forteller slående enkelt om tomheten og sorgen som vrenger hverdagen.»
Anne Schäfer, barnebokkritikk.no
«Ei bok som kan setje i gang samtalar på sengekanten.»
Expertpanelet, Nrk Studio 2
2017
Nynorsk
19,0 x 24,0 cm
40 sider
Innbunden med tekstilrygg og kvitt foliepreg.
Formgjeving: Øystein Vidnes
Illustrasjon: Stina Langlo Ørdal
ISBN 9788279592532







Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.