Tilbud!

Frå løynde kjelder | dikt

Opprinnelig pris var: € 4.38.Nåværende pris er: € 3.94.

Produktnummer: FCA23-00EB903423DE Kategori:
Guaranteed Safe Checkout
Tilbud! Tilbud! € 0.44 (10%)
FraktinformasjonStandard frakt: 15 EUR / 164 NOK
Angrerett og returAngrerett og retur

Eiliv Grue
Frå løynde kjelder| dikt

  • Bokinfo
  • Detaljer
  • Anmeldelser
  • Om forfatteren
    • • Utgivelsesdato:1. juli 2021

      • ISBN 9788292922743

      • Språk: Nynorsk

      • Innbinding: Heftet

      • Sidetall: 88

    • Frå løynde kjelder er den første diktsamlinga til Eiliv Grue, men ikkje første bok; litterært har han særleg arbeidd med diktinga til Johan Falkberget og står bak fleire bøker om forfattarskapen hans, både som redaktør og forfattar.

      Eiliv Grue er fødd i Os i Østerdalen i 1934.
      Utdanna adjunkt og Master of Art frå University og California Santa Barbara. Han har vore lærar, rektor og leiar for nasjonale utviklingsprosjekt i grunnskulen samt 10 år som redaktør og forlagssjef i Pedlex Norsk skoleinformasjon.

      Bibliografi: · Jomfru Mariablomar. Eit knippe legender (2007) · Bønn – mens vi lever våre dager (2008) · Undring, blomsterlegender og fortellinger (2009) · Mesterverket – Johan Falkbergets Nattens brød (2012) · Kølfogden Hedstrøm – mysteriet i Falk bergets diktning (2013) · Sextus og de skjulte skatter (2016) · Johan Falkbergets samlede dikt (2017) (Eiliv Grue / Carl Lauritz Lund Iversen red.) · Kjærlighetens smerte (2019) · Mysteriet Kølfogden (2020)

Den gode stilla

mellom menneske

er lik tre som veks tett saman

i djupe, gåtefulle skogar

Frå løynde kjelder er ei poetisk vandring, mangfaldig som naturen sine eigne tråkk; ei rørsle i litterære og musikalske fotefar, i mystikken – dei djupe religiøse draga – og tett på nedarva folkeleg visdom. Samlinga skodar òg naturen sjølv; storleiken og dei vakre detaljane.

Dikta formidlar ein takk for kjeldene langs livsvegen vår, skattar som alt er nær oss. Med musikalitet og inderleg formidlingsvilje står lyrikken fram som var det Olav H. Hauge, Hans Børli eller Johan Falkberget sjølv som held i diktarhanda. Ein gjestar landskap der Jaqueline de Pré, Arvo Pärt og Joseph Haydn tonar i strofene.

Eiliv Grue (f. 1934) kjem frå Os i Østerdalen og bur no på Røros. Frå løynde kjelder er den første diktsamlinga hans, men ikkje første bok; Grue har særleg arbeidd med diktinga til Johan Falkberget og står bak fleire bøker om forfattarskapen hans.

– ved ein annan våg

… kva pottemakaren meinte,

det finn eg aldri ut

Frå dikte Borni leiker av Olav H. Hauge

No,

når fjellvatna opnar seg

knoppar opnar seg,

blomar opnar seg

og heile landet vert eit ope under

av ljos og bløming

– då fór du frå oss.

Kven kan no lære oss

om det snåle å gjere seg stor på stylter?

Kven kan hente heim fleire soger

om Li Po og Ch`ü Yüan?

Kven skal lære oss at ei beine

kan vi like gjere mot ein annan?

Kven skal no syne oss fagre åkrar

i nye morgonstunder?

– Også var den gamalapalen då:

Tru om han blømer

fagrare no enn nokon gong

tett ved den vågen du bar draumar om

å segle inn i?

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Frå løynde kjelder | dikt»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv
Frå løynde kjelder | diktFrå løynde kjelder | dikt
Opprinnelig pris var: € 4.38.Nåværende pris er: € 3.94.
Skroll til toppen