Tilbud!

«Med lykti i hand»

Opprinnelig pris var: € 32.49.Nåværende pris er: € 16.25.

Produktnummer: FCA23-19928C9AD744 Kategori: Stikkord:
Guaranteed Safe Checkout
Tilbud! Tilbud! € 16.24 (50%)
FraktinformasjonStandard frakt: 15 EUR / 164 NOK
Angrerett og returAngrerett og retur

Undertittel:Garborg som diktar og tenkjar

«Godt, engasjerende og grundig»
Olav Egil Aune, Vårt Land

Eskil Skjeldal; Norunn Askeland; Gudleiv Bø (red.)

  • Bokinfo
  • Detaljer
  • Om forfatteren
  • ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.

    «MED LYKTI I HAND» – GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg.

    Mange har eit inntrykk av Garborg som ein folkesky einstøing, og nokre biografar har også framstilt kjærleikslivet hans i tråd med dette bildet. Men boka viser at Arne og Hulda Garborg var eit kunstnarpar i fortruleg og produktiv balanse, og at forfattaren var ein sann venn og ein stimulerande samarbeidspartnar for mange i inn- og utland.

    Dei fremste Garborg-kjennarane i landet har analysert forfattarskapen hans ut frå teologiske, filosofiske, religionsvitskaplege, estetiske og litteraturvitskaplege perspektiv, og formidlinga til nye generasjonar er vigd ein eigen bolk.

    Hovuddelen i antologien er likevel «Garborg på leiting». Han har ein bodskap nettopp til vår fleirkulturelle tid: Ingen sanningar er sjølvsagde lenger; vi må difor, som Garborg, tenkje sjølve.

    Nylesingane av Garborg er motsetningsfylte, slik forfattaren sjølv var det. Dei gjer at denne boka vil bidra til å kaste nytt lys over ein av dei mest markante diktarane og tenkjarane i Noreg.

  • • Utgivelsesdato: 28.03.2013

    • ISBN 978-82-92922-26-2

    • Språk: Nynorsk

    • Innbinding: Innbundet

    • Sidetall: 352

  • Bidragsytere: Askeland, Norunn, førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Vestfold. Bø, Gudleiv, professor em. i nordisk litteratur, Universitetet i Oslo. Fintland, Ine W., arkivar ved Statsarkivet i Stavanger. Grønstøl, Sigrid Bø, frilansskribent, tidlegare førsteamanuensis i nordisk litteratur, Høgskolen i Stavanger. Haram, Arnfinn Andreas, dominikanerpater, St. Dominikus kloster, Oslo. Haaland, Øyvind Bakke, lektor, Lørenskog videregående skole. Hellesnes, Jon, filosof og forfattar, professor em. i filosofi, Universitetet i Tromsø. Lunden, Eldrid, lyrikar, professor i diktekunst, Høgskolen i Telemark. Myking, Nina, lektor, Drammen videregående skole. Maagerø, Eva, førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Vestfold. Obrestad, Tor, pensjonist og bleieskiftarbeidar. M.a.o. i full sving. Skjeldal, Eskil, stipendiat i teologisk etikk ved Det teologiske Menighetsfakultet, Oslo. Sørbø, Jan Inge, professor, Høgskulen i Volda. Time, Sveinung, førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Bergen. Winje, Geir, førstelektor i religion, livssyn og etikk, Høgskolen i Vestfold.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale ««Med lykti i hand»»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv
«Med lykti i hand»«Med lykti i hand»
Opprinnelig pris var: € 32.49.Nåværende pris er: € 16.25.
Skroll til toppen